Mitt lisje bokashi-prosjekt
  • Heim
  • Om
  • Kontakt

~BOKASHI~

En liten kjøkkenhage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...
​
Følg med på vårt lisje prøveprosjekt! ...
...og kanskje dette kan vere noke du også vil pøve...?

1 mnd og stor forskjell!

6/5/2018

0 Comments

 
Eg trur bokashigjødselet gjer underverker. Alt strutter av kraft no for tida :)
0 Comments

Vår sommer og haust -svosj!

11/6/2017

0 Comments

 
Bokashi er så enkelt at heile året går som ein leik. Fortsatt så lager vi jord og eige gjødsel og som ein ser her så bugner hage, frukt og bær som aldri før :)
0 Comments

Kjøkkenhagen i juli

7/31/2016

0 Comments

 
Det ser meir eller mindre ut som ting har eksplodert nedi der...men ok, det veks no tross dritveret som har gjort dei utplanta tomatane småsure og jordbæra knøtlita :)
Neste år har eg ein bedre plan...
0 Comments

Starten på jordfabrikken!

7/24/2016

0 Comments

 
Da er det på tide med ei oppdatering :)
Det som har skjedd er igrunn lite....lite på den måten at dette var da slettes ikkje mykje arbeid!!!???

For det første var eg mykje aleine og bortreist så bøtta blei fyld saktare enn 14 dager. Det gjorde da slettes ikkje noke då den rett og slett berre går sakte og blir liggande liksom på vent. Med andre ord det gjer ikkje noke om ein ikkje gjer det slag :)

Etter ca 4 veker starta vi på neste bøtte og vi var igrunn like treige denne gongen....vi har god tid og bøtta har modna i 4 nye veker (istaden for to som er minimum).

Så altså ikkje før i dag så laga eg starten på jordfabrikken og slik gjorde eg det:
(klikk på første bilde for å sjå bedre og bla med piltastane)
I bunnen av jordfabrikken( ein bakke frå Europris) la eg ekstra strø og litt tørkepapir for eg var visst tom for avispapir....
Så litt jord ...og klask; modna bokashi! Dette lukter overraskande lite. Omtrent ingen lukt!
Blanda litt jord i bokashien og la jord oppå ca 10-15 cm tjukt. No kan ein ha denne inne om ein vil. Det må vere minst 15 grader for at prosessen ikkje skal ta pause. Eg kjem til å ha den ute så lenge tempen held seg mest over 15 grader ;)
Slik ser det ut frå sida...her kan ein jo smugkike etterkvart. Skal sjekke om eit par tre veker om det ligner meir på jord :)
Bøtte nr 1 vart så skylt og klargjort til å stå i kjøkkenbenken for å bli fyld opp dei neste vekene. Så då er det berre å gjenta prosessen.
Slik går no dagan....

PS! Bokashivæska har eg brukt til gjødsel titt og ofte og det kjem sånn i passe fart syns eg :)
0 Comments

Halv pris med kompostavtale!

7/23/2016

0 Comments

 
Ein annan fordel med å ikkje fylle alt i søppla er at det...jo...faktisk blir mindre søppel!!

No har eg endelig fått meg kompostavtale med kommuna :)

 Det vil seie at eg berre betaler ca halv pris og leverer kun partalsveker. Det fungerer heilt fint berre eg ikkje gløymer bossdagen da.... ;)
Eg har kjøpt inn ein ekstra sekk berre sånn i tilfelle krise men det blir faktisk såpass mindre boss no enn før vi starta plastinnsamling og ikkje minst no med bokashi at dette absolutt ikkje er eit problem i vår husstand - sjølv med hybelboer i kjeller!

På bildet ser du at vi fekk ny dunk heilt gratis og sånn plutselig ein dag...med grått og fint lokk som viser at vi har kompostavtale :)


​No skjøner er eigentlig ikkje kva du venter på....

...START BOKASHI !

​

Her er linker til meir info:
Årim.no
Årim.no/kompost

Priser i Haram
Bilde
0 Comments

Kjøkkenhagen i juni og bokashi-væske

6/23/2016

0 Comments

 
Sånn ser det ut i kalde men fine juni. No har forresten varmen endelig komt...men også regnet ;) 
Etter litt over to veker så starta bøtta å gi fin bokashivæske. Eg har vanna tomatane og kjøkkenhagen ivrig. Desverre var eg litt FOR ivrig på mine spede spirer. Då kom beviset på at bokashivæska er ganske STERK og ein bør ikkje gjødsle for ivrig! Klok av skade sparer eg no opp litt bokashivæske som blir spredt litt utover i hagen etterkvart.
Det er frodig og grasløken blomstrer fint sjølv etter ein kald men fin juni månad.
Bokashi-væske etter nokre dager. Ca 1,5 dl.
0 Comments

Kjøkkenhagen i mai

5/31/2016

0 Comments

 
Mens vi venter...her er kjøkkenhagen som så sårt vil ha gjødsel og jord :)
0 Comments

Start!

5/31/2016

0 Comments

 
Så starter vi vår første bøtte!
Begynner med litt strø i bunn, mest ved senter i bøtta. Rista nederst i bøtta har eit handtak som du ser i midten av første bilde. Det fylde med eit svart stappeverktøy til å trykke godt ned avfallet til slutt for å bli kvitt mest mulig luft.
​Så...då er det berre å vente ein dag eller to på neste lag...og slik skal vi fortsette i 14 dager eller til bøtta er full.
1. Strø i bunn
2. Fyll på eit lag med avfall
3. Strø på eit fint lag
4. Stapp godt og legg på lokket
0 Comments

Installering!

5/30/2016

0 Comments

 
Her skal det vere lettvindt og tilgjengelig så Kristian sager ut hylla så det vil passe under vasken.
Ved sida av så står ei isboks med lett lokk som vi legg avfallet i først. Det gjeld å ikkje lette på lokket på Bokashien for ofte.  Max ein gong pr dag og ikkje alltid kvar dag heller vil eg tru her i huset.

Ei rosa drikkeflaske vart super å ha strø i. Då er det lettvindt å strø og den er luft-tett. Bokashistrøet lukter litt surt/godt/friskt.
0 Comments

Så kom bøttene i posten...

5/30/2016

0 Comments

 
​Dette ser spennandes ut syns Ally. To bøtter og tre pakker strø er nok til å starte prosjektet. Det kosta ca 1400kr på bokashinorge.no og eg syns dette ser lovandes ut. Gleder meg til å prøve!
0 Comments
<<Previous
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...

    Arkiv

    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Linker
    Utstyr

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Heim
  • Om
  • Kontakt